Sjå kva som kjem til Ryfylke hausten 2016!


 

«Mitt Nabolag» 

Ein mann si reise; frå fødebyen Wien til Garbage City/Søppelbyen i Kairo. I ei multimediaførestilling fortel Christian Stejskal om livet sitt hjå Zabaleenarane, dei kristne søppelarbeidarane, gjennom revolusjonen i 2011 og åra etter i politisk og regionalt kaos – og arbeidet sitt som fiolinist ved operaen i Kairo. Ved bruk av forteljingar, foto og video; arabisk musikk og eigenkomponert musikk på fiolin fortel Stejskal om sju menneske og livet og lagnaden deira i søppelbyen.

 

Ice Music

 

Kan ein spela på is? Ja, det er fullt mogleg. Terje Isungset turnerer verda over med eit unikt konsept. Han får lyd ut av isblokker og istappar, og blæs forunderlege tonar ut av ishorn! Alt dette; saman med vakre bilete og bruk av lys og lyd vert magisk og vi vert tekne med inn i isen si visuelle vakre verd. Is-konsert med video og surround lydproduksjon og eit 40 minutts foredrag med fokus på utviklinga av isen i nordområda. Ingen andre enn Terje Isungset gjer dette mogleg. Grip sjansen til ei unik oppleving.

Heile Rogaland les

 

I år er det reiseskildringa «Sovjetistan» av Erika Fatland som Rogaland skal lese i 2016. Frå midten av september vil det vera mogleg å få seg eit gratis-eksemplar på biblioteka i fylket.

Sovjetistan er ei spanande reiseskildring som fortel oss noko om land dei fleste av oss ikkje har eit forhold til. Forfattaren vitjar dei tidlegare sovjetrepublikkane Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan.  Erika Fatland tykkjer det er stas at boka hennar er vald til Heile Rogaland les-boka i år, og gler seg til å reise rundt i heimfylket sitt for å presentera boka for gamle og nye lesarar. Ho blei av Morgonbladet utpeikt til ein av dei ti beste forfattarane i landet under 35 år.

I kjølvatnet av utdelinga, vil Erika Fatland vitja mange bibliotek i Rogaland. I brosjyren kan du finna ut kor du lettast kan få høyra henne «live». Heile Rogaland les er eit samarbeid mellom Rogaland fylkeskommune og mange lokale aktørar. Rogaland Folkeakademi har ansvaret for turneen.

 

Gro Mukta Holter

Gro Mukta Holter er ein allsidig kunstnar som arbeider innanfor måleri, grafikk, teikning, tekstil og installasjonar.
Tematikken i arbeida hennar er ofte relatert til biologi, identitet og minne. Ho følgjer ein figurativ og handverksmessig tradisjon, men bileta kan også vera nonfigurative.

 

Nils Viga Hausken

Nils Viga Hausken frå Hjelmeland vil i vandreutstillinga i haust visa oss i Ryfylke eit utval av hans broderi og foto. Dette blir ei utstilling som i aller høgste grad vil trekkja fram god gamaldags tradisjon i kombinasjon med moderne uttrykk gjennom fotografiet.

Tre visne menn ... og ei solstråle ... lar livet passera REVY

Med John Skien, Tor Øyvind Skeiseid, Torolf Nordbø og Rita Fotland Bøe.

 

Bli med inn i ein absurd og jordnær kvardag til dei tre visne menn. Gjennom musikk, humor og TV-glimt kjem både generasjonskløft, formidlarglede, kreativitet og reinspikka vas godt fram. John, Torolf og Tor Øyvind er både motsetnader og fellesskap på ein gong, og med Rita som lim får førestillinga sin balanse og vonleg lukkeleg ende.

Les meir om Tre Visne Menn på www.ryfylkelivsgnist.no

 

Kulturhaust i Ryfylke er støtta av Ryfylkefondet og Rogaland Fylkeskommune.

Powered by www.i-tools.no